Vefring Consulting

5G - når internett blir nyttig?

No tevlast telegigantane om å vere fyrst på 5G. Noko som betyr at dei er best, og fortener mest konsulent og forskingsmidlar. Dessutan finn dei riktige samarbeidsformer og låser leverandørane. Komplett og Chess oppkjøpt, det var vel meininga. ICE ein virtuell operatør på Telenor sitt nett.

Så ka e greia med så stor datakapasitet på mobilnettet. E det ikkje slepphent programmering og dårleg arkitektur som gjer at mjølkerobotane knelar når teknologien er i ulage? Vi har slakta FM radio for å få DAB og HD-TV. 3G er nedlagd. No er mobiloperatørane byrja på mikrobølgeomn frekvensane, og allereie plagast ambulansehelikoptera med jamming. Altså at andre oversender eller manipulera deira frekvensar. Heile opplegget er basert på at kvar dippedutt sidan 2.verdskrig skal operere på eige nett.

Sakte hjerteslag går langt og når bredt, med lite berestyrke. Hurtige hjerteslag går kort og målretta, men kan bere tungt. Frå FM radio til Microbølgjeomn altso. Men det er jo bare teori, i praksis, det ein dude fekk til mellom lunsj og middag. Krympa han dataa før han sende dei over?, la han inn mellomlagring, delte han informasjon i eit tid/rom/signal spekter med optimal effektivitet på dataa, eller straumbruken, eller reknekrafta, eller?

Det er her Afrika innhentar oss, dei kan droppe all snerken. Og gå rett på eit kollaborativt, distribuert nettverk, basert på solceller. Og dugnad. Heile infrastrukturen som er utdatert, kraftslukande, og arbeidskrevjande står som fortidas monolittar og mausoleum, som fortel at her var det eingong store framsteg som vart gjort. Som ein fotballkamp, det renn over av diesel, bensin og straumsterke mobilar, men ingen har batteri til lommelykta.

Vemodig? tja, folk skjønar at det er Kina ingeniørar som gjer tungarbeidet no. Sjå bare på HuiogHei-saka, alle vil framstå som kryptonitt og uunværlege, nett som i finansbransjen. Men det er dei same folka som gjer arbeidet. Fascinerande igrunn. Det er visst slik i shipping òg, at det er bare kjøp og sal (av båtar) som lønar seg.

I internettets steinalder tidleg på 2000 talet, heitte fagbøkene svulstige ting som, "The information super highway". Likevel byggjast det stadig tollmurar og nye diskriminatorar på internett. Det er som om at alle visste det ikkje kunne gå, så no gjeld det å samle inn eigenandelen før fonda lukkar posisjonane. For gamle og rutlete, så trur eg dei mest nyttige tenestene blir ei kryptert SMS teneste som tunnellerer meldingane over IP nettet/VPN. Når dette er på plass og integrert med ei blåtann "teneste oppdagar" bedre integrert i IOS/Android. Så vil nedtrekksmenyen på mobilen vere avhengig av kvar du er. Står du på eit venterom i Ulan-Bator, det er 10 minutt til ekspressbussen skal gå vidare, og du har ingen myntar. Så vil du kunne låse opp avlukke herre1, med eit fingeravtrykk. Og all betaling og formalitetar skjer i det stille, med sunt vet, tips og gjensidig tillit.

Dèt, eller alt fritt tilgjengeleg, men du må kjøpe dopapir av Gringo først.