Vefring Consulting

A new mediahouse in 2018?

 

How to create a mediahouse

I 2018 sit der mange gamle mediahus og tygg på den siste nepa, dei veit at konkurransen frå mobil, nett tv, og integrerte kaffimaskiner er eit spel dei ikkje kan vinne. Gamle teknologiplattformer utan retning og fleksibilitet, middelmådige ustrukturerte utviklarar. Og distribusjonsnett som eit nordkoreansk vegselskap.

Dei nye mediekonsumentane har allereie rigga seg til med dei nyaste og mest relevante nyhenda frå ein skreddarsydd Feedly platform med mørk bakgrunn og tilgjengelig på App.

Så korleis kan ei papirblekke overleve i ei slik verd? Der individuelle tilpassingar trumfar kollektivet?

Vel alt som handlar om økonomi må skalere i volum, eller skreddarsy i kvalitet. Alternativet er båe deler.

Det betyr at ei lokal avis må verte regional, og integrere ein blend av dei mest etterspurde kjeldene. Eg ser føre meg ei ikkje tid/stad avgrensa avis på nynorsk med det beste frå Tu.no, Økonomi, Regionalt, Sesong og Kuriosa. Ein vekesrapport med alt som ikkje var ein hump i vegen. Ei papiravis som kjem annankvar dag. Ikkje er for stor.

Det e bare marknad for nokre få slike og dei lyt følgje vanleg postgang. Eg ser føre meg at vasskiljet går på over / under 23 år, eller med utan familie. Og tilsvarande gjensidig ekskluderande filter.

Så kvifor ikkje Dag og Tid tenkjer du vel? Men les du saka med godvilje så veit du allereie svaret. Journalistane jobbar difor ikkje for ei lokalavis med agurksaker. Dei jobbar temabasert med innhaldsproduksjon til eit publikum som går utover grannen og bestemor.

 Lukke til, beste helsing Torbjørn