Vefring Conseil

Ai - Ki - Manns minne

Ja no har eg leika meg litt med Qwen, ein av desse kinesiske språkmodellane som er beskyldt for å loote og knabbe alt frå Wikipedia samt avlesing av “konkurrentar”. Og likevel levere raskare, mindre og meir effektive modellar enn den vestlege sivilisasjon.

Eg klarte det utan eigentleg å ha tenkt det, eg bare prøvde å lese ut Git koden, og laste ned modellen (4B q4 K-M). Så gjekk det faktisk an å køyre det heile som einbrukar på webhotellet som kostar nokre 10kr ingar i månaden.

Hotellet har truleg ei smertegrense, og når eg spurte i veg om alt mellom himmel og jord, på maksimalt reklamefritt og personverna teneste.

Ja då leverte den røffly 10 ord i sekundet med stram layout.

Dette brukte alle dei leigde ressursane så fullt ut (2x prosessorkjernar, og 2 gigabytes hurtigminne) at leverandøren truleg såg at sin snittkost per kunde vart overskriden. Altså fekk eg ikkje halde fram med moroa stort lenger enn halvanna kvartal.

Men lærdomen no når heile statsbudsjettet skal brukast på datasenter som kan periodekøyrast mot energiprisar og aluminiumsprisar, det må vel vere at dette anten slår beina under eksisterande industri (noko som er kontra intuitivt i høve dagens regjering), eller at det er utbygging av infrastruktur som Roosevelt-program med EU lån som skal vapast.

Uansett trur eg resultatet av desse sentera blir at vi held hus for mykje data som kanskje kan forskast på, men òg mykje søppel som vi har lite innflytelse på eller kan seie nei til når alt er bygd ut.

Det er litt sån at får du alle til å dyrke tulipanar, ja så får tilslutt dei største grossistane varene gratis. Og dei har samstundes bygd krigskasse til å ta kontroll på den vinnande aktøren, med retail folket sine eigne pensjonspengar. 

Internasjonal kapital er finurleg, og bare USA skal handle Kina-lakeien, alle andre får betale Hormuz skatt.

Eg legg ved ei lenkje til litt norsk lokal industrihistorie:
https://kringom.no/nb/sunnfjord/askvoll/det-store-hamskiftet-i-stongfjorden