Changes
- Detaljar
- Skriven av Super User
2019 alle endringars mor?
Skal året iår bli når billettøren bytast ut med Autopass, postmannen med heimesjukepleiar, og alle passord til alle tenester med eit fingeravtrykk?
Det heiter seg at naud lærer naken kvinne å spinne. I eit land med teknisk full sysselsetting og låge utsikter til vidare vekst, kan det verte vanskeleg å skape nødvendig endring. Vi kan jo bare pumpe inn litt meir oljepengar. Ta denne dikteringsfunksjonen til dømes, den vil jeg ha på nynorsk.
Utan oppside så får du flopp, det er livets gang. Såframt du ikkje går på oljefond Subutex. Det blir som formalin, tilslutt eit voksmuseum som langt overgår Madam Tussaud 🤢
Så kvifor fungerer det dårleg med den populære godmodige gulrot innovasjonen som vert bedriven no til dags. Veel, det finst indre og ytre drivkraft for endring. Men dei som har, og omsider kan, treng ikkje endre meir enn nødvendig, det inneber nemleg risiko og slikt har ein jo nok av i det norske bustadlånet 🇳🇴
Legg til at det synes som at nordmenn er like, men dei ulike geografiske områda er i ulike demografiske versjonar. Det går tildømes 2 generasjonar i sentrale strøk, per generasjon i Trollheimen.
Slikt får mest å seie som regresjonsfeil, den nedarva arbeidskulturen er ikkje lenger relevant og tener mot si hensikt. Alle typar fjott-arbeid som bare er meint som 1-årige perspektiv i byane. Blir livsvarige i resten av landet.
Det minner meg om rekruttskulen der det var regionalt inndelte kompani, og ujamne vurderingsstandardar.