Om den gode gjetaren
- Detaljar
- Skriven av Super User
Eg trudde englane fantes både i himmelen og på jorda, og det får eg stadig vekk bevist!
Idag vil eg drodle litt om leiar-idealet, det som var så poppis blant blåruss og BI studentar.
For i den siste sovjetstat «Norge», var samfunnet svært egalitært, kanskje ikkje bare næringslivsgrunnlaget, men bakkekontakten til bygde journalistar har spela inn.
Når vi så går frå patriarkat, meister/svenn og erfaringsbasert leiing, til industrielle leiarskapsmønster, so skjer det noko med samfunnet.
Du har kanskje merka det på stillingsannonsane:
Storkundeansvarleg er blitt Key Account Manager, Inspisent er Total Quality Manager (TQM). Personalsjef er HR. Ja så e vi anglifiserte, ka elles e nytt?
Vel CEOen, sjefen, e ein MBA røvar frå høgskulen, hen kan sine Six Sigma, Lean, TQM, og kontantstraumsanalyse til fingerspissane. Ikkje minst e hen ein forhandlar, ein slags hestehandlar som kjenner att lusa på gangen. Ikkje bare fordi hen har sett ei lus før, men fordi hen har kjent den på kroppen.
At unge menneske rett frå vidaregåande kan få lyst til å dykke i slikt? Vere ein potet med fullt av fagfolk rundt seg? Det er jo eigentleg ein elite idrett, men historisk var det kanskje mest nedarva og difor vanskeleg å finne variert rekrutteringsgrunnlag innafor landets grenser.
Eg går utifrå at all leiing er kvalitativ og skjønnbasert. Derfor, med godt skjønn og tilstrekkeleg erfaring so e landet i god stand.
Dei einaste som vert attgløymd e dei som inga leiing har. Døme; statstilsette, pensjonistar, trygda i distrikts-Norge, barnevernsbarn, flyktningar.
Formelt har dei leiing, men fagfeltet e so spesialisert og autonomt at dei blir ikkje leia. Difor stagnerer dei, og sjukemeldingar florerer.
Når saugjetinga e optimal so krev den lite ressursar, og streka likevel opp grense som gjer at sauane og gjetarane slepp å lure. Framtida blir meir forutsigbar, fortida meir fortid. Og beitet fullt utnytta.