Vefring Consulting

Kan det gå?

Bare ein liten ting no når dei svarte regnskyene vest av Jostedalsbreen tettar grytelokket. Og dei  høge fjellsidene osar svart karbon, utan at eingong måne eller stjerne skin gjennom.

Ja det e kjekt med blue light, kritkvite LED lys, ekstralys, grøftelys, fjernlys. Du kan drepe hjorten på to mils avstand..

Men har du tenkt på at det e hovudsakleg pensjonistsjåføra heromkring, med trege lyssvake augeeple. Frisleppet av automobil lumen var nok eit sentraliseringstiltak frå FrP. I Europa elles køyre dei stort sett i same retning. 

Bare slik at det e forstått, grøftelys brukas for å leite etter den daue katten på gardsvegen, tåkelys treng du kanskje aldri. Eller to gangar på Hemsedal og Vikafjell, men då køyre du 10 km/t og har køyrelysa av.

På førehand takk. 

Ps. Det blir for mange ord dette her, og ord lyg og sårar.