Vefring Consulting

Den billegaste måten å sysselsetje overflødig stemmekveg i ein industrialisert nasjon, det er å gjerde dei inne, med beskjed om å passe seg sjølv. Og vente på løn. 

Du må for all del ikkje utruste dei med lastevogn, tenestefarty, eller enno verre ei oljegrusemaskin. Slikt fører bare til lokale underskot og nasjonale problem.

Du kan gjere som svenskane, gje dei trikkeførarlappen og noko lommepengar. Men då ser du ikkje skattepengane att. Det er igrunn ei naudløysing, når du har for mange fuckers og rottehundar på ein stad.

..om du ikkje var ein teknokrat eller blåruss ville du kanskje overoppfylle FN og NATO mål for å sikre eit internasjonalt næringsliv og globalt perspektiv, men likevel, også her er institusjonskultur og nedarva dogmer.

Nei det skal ikkje vere lett, og alt må jo som kjent vere kollektive fleirtalsløysingar. Så om vi uansett må ta ned levestandarden fordi befolkningsauke og prisstigning har teke att oljeforspranget, ja så kan vi vel skulere pottitbønder i Afrika og solcelle gründerar i Sahara, og vasskokarar i Midtausten. Men kan vi fortsatt fly laks til Kina?

Godt val, helsing ein 39 åring som føler seg gamal.