Vefring Consulting

IT’s on me babe

Analysis paralysis, det er ikkje pyrolyse eller kaldpressing av linolje. Det er det som kan skje deg i studiane, i livet, i økonomien, i jobben. Du kverna og kverna, men alle alternativa ser like gode (dårlege) ut. Det er simpelten opplagt at noko burde skje, men ikkje kvar eller korleis, korhen? Du les Og les Men ingen ting endrar seg Alt er utgjort Det er bare å drikke tran. Opplegget fører til at feilinvesteringar blir gjort, utbetringar utsett, forflytningar sett på vent. Og regresjonen spirer som aldri før. Det er ein hersketeknikk, ein jammer strategi, ei sjølvskading av nasjonar og organisasjonar. Det kortsiktige sigrar, fordi du ikkje er beredt på å ta kostnaden med dei andre utsiktene. I gamle dagar hadde brannsjefen personsøkjar, det var ein stafettpinne, som gjekk frå mann til mann på vekes turnus. Det var rekna som noko ulønna herk, som medførte at du hadde konsekvent dårleg samvit om du oppheldt deg meir enn 5 minutt frå ein fulltanka bil, med nykvilte lår. Det var sikkert ille då,. under den viktorianske hagealderen. Når Andeby har gått over styr fordi skrues pengebinge er spreidd utover, og egga kostar 15 gullbarrer per stykk. Ja då finn Donald seg til rettes på landet. Men no kostar vinteroljen 2021 59,6 $. At gassprisen e «gitt vekk», plagar Equinor. Spørst om dei kan raffinere den til eit meir høgverdig produkt, utan å dorge den jorda rundt. Men sett at du hadd motsykliske politikarar, ja då ville egga vorte firkanta.. It’s for free, take one, have a snack, be happy.