Vefring Consulting

For omlag 18 år sida tok eg eit fag som heitte kunstig intelligens (KI) på universitetet. Det var eit fag som var på 280 nivået, altså vidarekomen men ikkje heilt masternivå.

Fagfeltet var ikkje nytt, då, og det meste av litteraturen gjekk på nevrale nettverk, propagation strategiar, bayesian søketre, læringsmodellar, og heuristikkar.

Det siste er eit nøkkelord, for det er her programmeraren legg inn suksesskriteria som gjer at modellen kan bli stadig bedre for kvar køyring/spørjing, eit døme, at bøndenes verdi i sjakk avhenge av kar i feltet dei står, ka sikring dei har, mobilitet osv.

Om læringsmodellen bare googla eit kjend parti for å finne tilsvarande gode og dårlege svar, og rangerte dei utifrå antal artiklar med siger kontra tap, so ville den ha gjort ei kvantitativ tekstanalyse.

Men for at modellen skal finne nye, ukjente svar som i forskning på kreftmedisin, so må den faktisk rekne på alle moglege alternativ og rangere dei etter heuristikkane.

Det er først når kunnskapsmodellen klarar å finne nye heuristikkar og bruke dei meiningsfullt at den blir spesielt nyttig.

Ellers forblir den bare ei ekstra god søkje og kopimaskin, som brukar tilgjengelig informasjon i nye samanhengar.

Faget byggjer på kjernen av filosofihistorie, og vitenskap, men e tørt og tungt, og lite synlege resultat.

Uendeleg mange chatbotar, og fjolleteknologi er laga gjennom tidene.

Sidan draumen om å fjerne kjedeleg, dårleg og repetitivt arbeid er konstant, so kjem det stadig nye forsøk og dei blir alltid hypa voldsomt, men aldri solgt. Det er som prototyp bilar, dei kjem ikkje i sal, det blir for dyrt, tungvindt, eller lite skreddarsaum.

So ufatteleg mykje tekst var skrive opp gjennom tidene under stikkordet AI Artificial Intelligense, eller det som no vert kalla Kunstig Intelligens KI i Norge og Tyskland.

Ein investor sa eingong at når massane går inn, so går kunnskapen ut. Og sånn e det vel med Internett økonomien, den kjøre mest på hype, og om det e 3d gaming, Bitcoin mining eller intelligent dokumentlager kan vere det same. Datachips får du solgt uansett. Sidan kunstig intelligens har blitt eit stikkord for luftige vyar og lite pengar, so er det mest eit stoppsignal for investorar. Med mindre det blir brukt for å starte ein syklisk oppgangkonjuktur. Men vi er kanskje ikkje der heilt enno..

Det eg derimot har tru på er visualisering, når du forstår allegoriane, so kommunisera dei svært raskt både tal og relative størrelsar. Det trur eg er kimen til å gjere Internett mindre tekstbasert og meir universelt tilgjengeleg.