Vefring Consulting

Hei, no har det blitt lite logging her. Det er ikkje så mykje som skjer men folk har blitt eldre og pengar har blitt tent og brukt.

Eg las ei dansk psykolog, si fortviling om den svake og retningslause profileringa av Sunnfjord som bumiljø og arbeidsstad. Ho kunne nok trivdes godt her, i det yrket. Eg vil seie litt danske haldningar kan vere riktig for dei som elles treng terapi på tankegangen. Heromkring altså. Faktisk var fleire av dei trivelegste medseilarane mine av dansk kaliber og liknande dialekt.

Om det var mine barndomsminner eller deira problemfrie, muntre, og slitesterke haldning kan eg ikkje seie sikkert.

So ka kjenneteikna to Sunnfjord bygdebyar som prøve å skifte ham. Tja overraskande sossete, so langt imotsetning til større byar iallefall. Her har alle inntil nyleg hatt deltidsjobb, og blitt konsumentar på kjøpesenteret.

Flyktningar har vi og, men dei e meir frå varierte verdsdelar, enn før, og mange flyttar uansett vidare til større byar. Der fileen i Florø var Eritreisk, og verftet Polsk/Ukrainsk, so har det no begynt å bli afrikanske akademikarar i Førde. Og bussjåførar. Men det er vel samme sak. Eg vil seie at av desse er det nok familiefrie verftsarbeiarar, som har lågast levestandard, sjølv med noko høgre løn. Men det blir uansett eit I-landsproblem.

Med dagens valutakursar vil eit utlandsbesøk her vere godt tima. Men bustadmarknaden e like frekk som elles i landet. Eg e litt bekymra for arealbruken og bygginga, og eg ser veldig mange skular som eg ikkje skjøna korleis kan forbli fulle.

Ogso til saka, det har blitt skrive mange vitsebøker om forskjellen på Nordfjordingen, Sunnfjordingen og Sogningen. Dei to førstnemnde er mest nærslekta, sistnemde mest ein royal avart. Alle utryddningstrua folkeslag. I hovudsak går det på at der er Sogningen kvikk i vendingen og med austlandshumor. So e Nordfjordingen ein meir åndeleg, low key og finansielt meir kapabel, enn sin tvilling Sunnmøringen. Sunnfjordingen derimot er bare treg, og kan bare unntaksvis glimte til med nokre understatements.

I moderne tid har det vorte hevda att innfødde Sunnfjordingar ikkje kan tale ein setning utan å starte, eller slutte med eit bannord. Men slikt fortel kanskje meir om foreldreldre på jobb, og vanskar med å stå med ein fot i kvar leir.