Vefring Consulting

The Wealth of Nations, slikt lese dei i andre land. Utan å ha lest boka, dreiar det seg om viktigheita av eit velfungerande bankvesen.

Med mynt i hand, får du individuell og kollektiv tryggleik. Rett og slett fri til og vera dom. 

Eit knippe kroppsarbeidarar på 1800-talet slo seg saman og stifta prestegjeldsbankane som va starten på bankane vi ser idag. Dei investerte seinare i ringnot snurparar, bow-thrustera, banan- og supplybåtar, og gjekk dundrande konkurs. Alt for å halde naboen i Nordsjøen til pensjonsalder.

Vel– idag e bankane reine pantelånara, ingen velgjerar, bare ferdigrekna pant i dei edlaste varer. All risiko ligge direkte på staten, bare ferdigintegrerte slepp til. Og elles tek dei gebyr for å snu seg rundt.

Gode bankar ser vesle strevaren, og set han i fruktbart miljø. Den har både små samfunnsiniativ såvel som større makrofasilitering. Den er ikkje so grådig og banal at den lempa ut billig merch kjøpt av lokal kriminalomsorg. Eller so grådig at den bare lagar fuktige fiskarmotell for bubilturistar.

Når banken e lokal og ideell, blir det pampevelde. E den nasjonal og merkantil blir den eit usynleg verktøy. Begge deler e domt. Idag er det vel bare kommunestyra som prøver seg på konjunktursmørjing, veg- og byggjeprogram.

Kanskje direktelån frå nokon si bitcoin portafoglio e framtida? Pengane får igjen sin verdi, og lågtlønade og kafeeigarar får oppreising.

I folkefinansiering mistar vi gjennomsiktigheita, kunnskapsdelinga og kollaborasjon; viktig lim i lokalsamfunna. Det verka likevel meir fair, enn helvta av alt so føregår seg på børsen.

Der nekta dei i likheit med bankane å avvikle ungdomskjelda si.

Mykje, freistar mindre, når du kan om risiko og banesår. Difor kviler ein så godt i verna nasjonar :) Du må vera god å utnytte «voldsomt uventa» lynnedslag. Det e den reinaste lufta du får. Det kan fort gå bra.

Om du ikkje følgje med. So kan pengane bekymre seg for seg sjølv. Og kommunen vil sløkkje din livskapital og endringskapasitet, i god tid.

Du vil ikkje vite- at uskuldige indeksfond inneheld 50% tapsprosjekt, med alt frå våpen, sprit til reine hasjfabrikkar. Ja synda finst tenkje du, men eg treng då ikkje fremje den.

Då er det vel så greitt investere sjølv, idet du likar og vil ha meir av. Ja du må dokumentere i det vie og det breie, det e enklare å få frådrag for å gje til kreftforskninga. Tilogmed bitcoin e billegare og enklare å spare i, for dei som trur på slikt..

Gurgle