Vefring Consulting

Advarsel: innhold drodling, kan ikkje brukast som råd, eller grunnlag for investeringsbeslutningar.

Etter å ha lest dette, er du nett like liten og blank som før. Du forblir eit barn, som ein fuggel i Guds varetekt.

Hei, har kjøpmannen slutta å måle veggjen? Har lensmannen uvanleg hyppige venekonferansar med vognførarlauget? Står Val D’isere motellet uforløyst?

Kanskje bur du i Tsjernobyl utan sjølv å forstå? Det er nemleg slik at den eines død, er annan manns brød. Og fru Luna strålar sitt skinn i bakrommet. Der det finst overskotskapital, ungdomar og nybygde byggefelt, der er det ølkonsum og knufferi. Slik kan ein lese brutto distriktsprodukt (BDP) ut av politiloggen.

Ideelt sett; lærer naud, naken kvinne å spinne (tråd). Men helst er det vel slik, at der det er mykje rikdom, der kranglast det lågt. Og der det er lite, der kranglast det høgt. No sist i Donbass i Ukraina.

Utifrå denne hypotesen skulle dei hardaste kampane i Norge vere lågmælte og like langt frå ring 2, Bergen og Trondheim. Ein eksistensiell kamp om ufaglærte deltidsstillingar. Alle triks, og bermens kollektive kamp mot den presumptivt sterkaste. Snikbanking, trenering, uthalden, utfrosen, diskreditert.

Å huff å huff, og ei proformakrise for å ivareta styringsfart og unntakskontekst. Nei no må eg sove, før eg verte freista å kjøpe Desert Control.

Eg har nemleg lest at ørkenen er eit eige økosystem, med fantastisk unikt plante og dyreliv, og er du riktig heldig kan alt slå ut i blomar på eit heilt spesielt tidspunkt, og før du veit ordet av det, e det vekk igjen.