Vefring Consulting

Om du som kanin i den moderne økonomi kjenner på at det blir stadig vanskelegare å finne eit smutthull. Ein liten pustepause, ein time-out, å få låne ein dusj, å strekke seg på ein sofa. Her e mine råd:

For det fyste, om du oppsøkje ein stressa og sur mann, så vil det aldri gå bra. Kan du unngå det, så gjer det. Dette gjelde overalt, endåtil for vektarar. Fyrst må du finne ut om det er nødvendig å vere tilstades, deretter om du kan fjernkommunisere, og med nok tillit, kan du flyte på årvakenheit, og passeleg responsivitet.
Problemet løyst!

Men om du er av generasjon X, desse som har føtene i det gamle, og kjenner "the maximum taste" av det nye, så blir du nok likevel uglesett.

Rundt årtusenskiftet då det enno var vanleg, og nesten full verneplikt i landet. Gjekk eg eit etatskurs i forsvaret.
Der vart eg rikeleg trolla. Historiene vi trudde stamma frå siste verdskrigen, og krigsturisme i Jugoslavia. Som at det regelmessig flaut daude spionar ned Volga og Donau. At ei makt i aust hadde ressursar til å setje frimerke på alle uteksaminerte. At denne makta på ingen måte var dum, og på fascinerande vis kunne bruke nasjonale ressursar, og mediar til eigen fordel. Det var ikkje måte på korleis dei kunne dekkje på, avdekke, bortforklare, og insinuere.

Austlege damer, vanvittig trivelege, var alltid honningfeller. Og for slike var subversjon ein barneleik.
Likevel va da so, at om infomedia operasjonane var riktig gjort. So ville eit vell av 5-kolonnistar gjere jobben for dei. Din eigen nabo, postmannen, reinhaldsbetjenten, butikkmedarbeidaren. Utan krav om avspasering eller pensjon. Heile broderskap kunne lutast til døde utan å løfte ein finger. Bispedømer kunne iverksetje vannkremering lenge før tida, og heilt utan at nokon reagerte.

Landsdelar kunne gjerast ufruktbare, og alle kunne nyte livet sitt som rullebane kontrollør i nord-norge. Det var jo lett å bli paranoid med slike skrekkbilete. So gløymte vi alt saman, vi tilgav og gjekk vidare. Det var visst akkurat det vi ikkje skulle gjere.