Vefring Consulting

Hei igjen,

med fare for å bli veldig geek so vil eg ta opp den viktigaste saka for ulik fordeling i verda.

Og det e tilgang til enkle økonomiske verktøy for sjølvhjelp. Bare det å kunne legitimere eller identifisere ein brukar i Afrika eller den tredje verden, e eit kunststykke. Ifølgje det berykta forskningsbyrået Gartner (2022), er desentraliserte identitetsløysingar på hypetoppen og, eigentleg litt forbi, i full fart nedpå historias søpplegård.

Afrika tenkjer du, det er langt unna. Men Tyskland går fortsatt på faks. Og norske oljeplattformer ligg visst open for fjernstyring på skjermdeling. Sikkert fordi ingen kan med teknologien, eller veit kor mange som bør/må ha tilgang om noko skjer. Kanskje den episke trusselen om å bli utestengt når det gjeld, er større en risikoen for uoptimal drift ved ukyndig bruk?

Mange har ikkje ein ekte konto, gryn, eller kontantstraum. Og ingen andre har det heller.

Då er det vel like greit med natural økonomi, for den lokale valutaen stuper vel jamt og trutt i verdi mot internasjonale størrelsar som euro og dollar. Medlemsklubbar, andelslag, lukka parkeringscoins det skal du sjå at likevel har.

Er enno rart at ikkje Facebook, Google, Apple, LinkedIn, Microsoft kan knyte seg til «United nations ID», når du likevel skal vere offentleg betalingsaktør.

Nei alle vil lage sitt eige for det kan vel vere pengar å hente? Bli størst? Vinne markedet? Låse folk inn utan rente? Med valutaen imot? Og inflasjonen bakfrå?

Resultatet er ein allmenningens tragedie der riktige å viktige tenester uteblir, til fordel for kampen om å bli størst først.

Det same ser vi på nettet, so ufatteleg lite teknologiutvikling har skjedd sidan web kom som standard, var det i 1999? Hugsar ikkje

Men web 3.0 lovar iallefall kontekstavhengige søk, altså at du får treff tilknytt dine preferansar og bakgrunn, ikkje andre saker. På denne måten ynskjer dei altså å auke presisjon (som e viktig i salsøyemed, iaf. om du sel reklame/nøkkelord). Sal er internettets diesel. Og det vil naturleg nok gå på bekostning av «Recall» som er begrepet som brukast om den totale mengde potensielt relevante sider, som du kunne blitt presentert.

Med andre ord ligg det an til at nettet blir smalare og meir personleg, meir relevant, men nokre gonger heilt på viddene. Truleg vil mykje bra verte gøymd for deg.

Kombinert med 3d nettlesing som vil opplevast meir som å gå frå rom-til-rom med ein personlig papegøye (typisk Alexa eller Apples Siri) på skuldra. Den kan du fortløpende ha dialog med, eller den kan varsle deg om at dine aksjer står i brann.

Klarar w3.org og Microsoft å putte meir optionals i historiesekken, då blir verda raskare og enklare,  billegare å utvikle og vedlikeholde.

Rett og slett teknisk deflasjon, gode løysingar stig i verdi medan mykje må skrotast.

*Sånn reint praktisk om ein ville ha tynnklient HTML5, so burde det sikkert bli ein protokoll, med eit komprimert skeleton (gzip) for kvar side som ikkje allereie er ein app. Og opsjon for utvida [sikkerheit | høg-ytelse ]. Mellomlagring blir effektivt utnytta med gamal teknonogi, og lette socket tilkoplingar gjer det heile brukbart også utanfor allfarveg, eller i ekstraordinære situasjonar. Denne løysinga som blir ein REST / socket hybrid, skalerer også godt over til 3d teknologi.

Men mest truleg vil lite skje, det er som med organisasjonar, når dei passerar 6 medlemmer so går det meir tid til byråkrati, posisjonering, enn til endring. Og det er _mykje_ legacy på nett, ting som betalast for blir vel lagt ned fortnok? Men neida som regel er det ein liten viktig ting som fortsatt blir brukt. Og alle desse sky-leverandørene, dei tilbyr jo bare lagring/backup. Ingenting hockus pokus, ingenting framtidsrette og lean. Nei det e som med søppel det blir bare meir og meir.

T.d er det fortsatt mange som ser på rådata som verdi, og nektar å lagre i aggregert form. «For i framtida» kan det utnyttast/få større verdi.

Vel bitcoin og ether er bare toppen av isfjellet, ser ein på datasjøen til Amazon og Google er det lett og forstå kor strømmen blir av.