Vefring Consulting

No e det joletid, aldri oftare blir du mint på det, om du gjeng i eit kjøpesenter, eller vasar ute i snøen nattestid. Her omkring sluttar det å snø i desember. Deretter veks snøen oppover av kulderas frå breen, og rim frå fjorden.

Før var det julestjerne i eit vindauge, i annakvart hus, for å minnast det fantastiske mirakelet. Som hende dei stusslige foreldra for nokre 10-tals slekter sidan.

Stjerneteiknet var minimalist og tindrande, med ein styrke som skilde seg ut. Slik kunne dei tre sjømenna navigere i den mørke ørkennatta.

Dei styrte ørkenens skip kamelen, rett forbi stallen.

Dei hadde cash, kostbare salvar, og duftlys.

Eit mekka -for ein nyfødt som held seg i live av varmen frå dei store dyra. Bare ved å smøre feit krem på huda kunne dei halde kulden på avstand.

Guten var så kummerleg at han fekk kult status, og vart seinare rekna som ein stor politisk trussel.

No lyt eg ynskje deg ei god jul, og godt nytt år 2023!