Vefring Consulting

Det norske flyveselskab, Braathens SAFE, Wizz, Viking Air, Ving solreiser, Air Baltic, SaS?

Lenge var eg sjokkert over korleis staten alltid måtte «baile» dei store flyselskapa, når gjelda, og lønnskostnadene oversteig budsjetta. Oljen måvite, var hedga net-net og kunne ein nesten tene pengar på å losse i somme lufthamner :) Det var som med sjøforsvaret 24 missilbåtar, og ein fregatt etter kvar større by. Redusert til 2 cruiseskip, angivelig med internett.

So tenk då om reiselysta vert rekordlåg, vernepliktige må makulere passet sitt, og lettmetall/energiprisar framskunda kannibalisering av eldre flyskrog. Så viser det seg at eit russiskeigd «Global Air Insurance», prioritera aksen Singapore-London-New York.

Ja då måtte norske statsansatte, konsulentar og ordførarar sitje i magen på ein Hercules for å få utført nødvendige ærend. Subsidiert sydentrafikk vart det slutt på, spanjolar og italienarar ville ha leveleg temperatur og feriere på eigne hotell. Purser og resepsjonist var uansett flykta frå Marokko og Tunis. Nordmenn kosta meir enn dei smakte.

I akkurat dette tenkte eksempelet ville eit små-sovjetisk nordisk flyselskap ha ein misjon, utan fordyrande bonusklubbar, glansede magasin, og gjenkjøpsavtalar.

Det er bare det at så lenge flysikkerheten er global, og nordeuropeearar kan betale for seg, så vil det aldri mangle flytilbod. Så kor mange gode folk skal vi eigentleg låse inn i cockpiten? Og kor mange bergensarar skal dagpendle til Oslo? Det blir jo stadig vanskelegare å vera lokal utanfor hovudstaden.