Vefring Consulting

Pastor Tim’s burtårn åt skogen?

Eit fantastisk tårn, med alle språk, og alle fasilitetar, lønsamt virke, og passiviserte unge frustrerte.

Synda var i verda, men dei kjende den ikkje (att). Tårnet skulle vera større enn størst og tangere himmelen. Men på bånn jobba dei gamle og elendige. Dei som var så gamle at du kunne ikkje sjå det på dei. Misunning oppsto i arbeidarrekkjene, ansiennitet var ein sovjet vits. Dei solrike toppetasjane likna ingenting på dei massivt fundamenterte nedantil.

Det ryktast at pengane ikkje strakk til. Når tidsriktig mahogni plater, og kunsthandverk vart heist opp frå dei lågare lag. Mange skulle ha ein bit av kaka, provisjonsbudsjetta likna spagetti kode. Det var ingen som visste kven som var først, eller kvifor også dét var uunnværlig.

Alle imperier tar slutt, all rikdom forvitrar, alle menneskje fell, og alderdom er alltid tung å bera. Ingen vil vel bera Ludviken aleine, og sosialpolitikarar vil helst satse på forsvar av gjenkjøpsavtalar. Med 25 innsats styrk ar, kan ein pulverisere allmenningen, redusere brukar involveringa. Og skaffe seg ein politisk pisk med snert og moment.

Eg las ein stad at Norge ville satse på eit kornlager som ikkje var ein de-facto garasje med hyggeleg leige, men ein fiskal skatt som skulle garantere at vi ikkje kjøpte korn frå nødige, når det smell. For det er nok mat i verda, den e bare skeivfordelt som så mykje anna.

Vel likar eg den forbetra argumentrekkja. Men er det ikkje bare eit driftstilskot til bulk-skipperar?

Kan Norge starte ein kronebørs? Og regulere tilbodssida, utan sjølv å vera ein storprodusent?

God påske!