Krig
- Detaljar
- Skriven av Super User
Det rammar alltid dei minste og svakaste.
Sentralbankane vil ha prisstiginga til 2% årleg, men lønnsveksten skal visst vere godt over dette (stakkar bonde, fiskar, kjøpmann og navar).
Dei fleste norske lån er eigentleg bare ompakka tyske og amerikanske lån. Difor betyr det noke, kva som skjer der. Vi har på ein måte 1 års forseinking på deira kvardagsdrama, omtrent som Cheers og Seinfeld på 90-talet.
Og klara sentralbankane å stramme til so det merkast, ja vil fleire seie, men straumen kom jo ned, og elbilar er billegare.
Problemet er at «fredspremien», eit forsikringsord, for det du spara på at folk ikkje kriga. Er vekk.., no blir det printa både gryn og ammunisjon til den store medalje. Og det trekke sjølsagt opp prisar, både av trengsel, men og at pfenningane blir til dopapir.
So, då blir det sikkert konfliktfylt i marginaliserte familiar. Skulle fått opp nokre grafar om alle desse dødsfalla i barnevernet, og familieomsorga, vel er vi blitt fleire her til lands, men eg lurer på kva stereotypiar det er i desse tragediane.
Det er lett å tru at i eit stort nok regnskap vil du ha tilfeller av alt slag.
Men eg får inntrykk av at einsame asylsøkjarar er overkommunisert, medan det skurrar stygt blant norske småbarnsfamiliar.
Det var ein stad eg høyrde at bare norske kristne, pleide ha råd til å ha mange born. Eg vil seie «tok» seg råd. For det er ei oppofring som krevde mykje samarbeid og nøisamheit.