Vefring Consulting

Noke av det som pleide engste meg mest med elbilar, var det å stå i kolonnekjøring, eller rasstengd veg, og kjenne at batteriet blir flatt, og at rekkevidda svinn hen. Utan at ein nokenting kan gjere. No har omsider eit distriktskontor i kråketenesta fått elbil. Og eg merkar at med 60 kw batteri, so klara ein det meste både på kort og langtur. Angsten er døyva, sjølvsagt er det skremmande å starte med 10% lågare rekkevidde fordi det e vinter. Men det e meir forutsigbart enn med oljebål, kor langt du har att. Og anlegget trekk ikkje stort meir enn ein smarttelefon, når du står iro, det e rullinga som stel energi. Når vi tek med at bilen kan tine seg sjølv til start, og med litt finpuss av systemintegrasjon, kanskje ein svensk grisehack, som kan slå av alle dei sinnsjuke reguleringane som kjem frå vegstyresmaktene, so kan det verte leveleg. Men når vi veit at teknologi e ferskvare, og at straum e den edlaste mest raffinerte form for energi, so vert eg redd at denne elbil rabatten bare blir brukt til enno meir toskekøyring, og legitimering av politisk ukultur. Vi slepp iallefall 14 behaldarar med ulike typar gift i ein fillerista tørketrommel. Til denslags synest eg parafinbrennarane som stod i kalde vestlandshus var langt meir miljøvenleg. Og du kan vere sikker på at dei vart aldri tullekøyrd om sommar og på haustkveldar. Til slutt vil eg fortelje at Microsoft har lova meg å plante eit Mangroove tre i Afrika den 5. desember. kjære lesar, God jul!