Eit år å takke for? 2020?

Ja, det har vore gode ting og, karusellen har forsvunne. Dei umodne har modnast, og dei urolege har fått fred.

Og for framtida etter koronadauden? Ein kjend mann sa eingong, «kva treng vi å frykte, enn frykta isegsjølv». Ein annan skreiv, Det skal bli mørkt og alt lys skal brenne ut. Men så eingang skal eit lite tindrande ljos, igjen slå rot. Det skal spire og vekse til eit sterkt og stort nettverk. Det er det nye fundamentet.

Eg vandra gatelangs med ein tusing på lommen, den hadde eg fått av mormor. Endeleg kunne eg gå rakrygga. Men eg fann ingen fatige i den sure desembernatta. Dei er så gode og maskere seg når det tettar seg til, så eg kjenner dei ikkje att. No er det kanskje forseint? Og lusingen er ikkje lenger det den var.

God nytt år til deg!